Startside

Om Vindilhytta

Svårthylkyrkja

Firma-Gruppeturar

Om Gjøvdal

Galleri

Prisar, åpningstider

Kontakt

Om Gjøvdal


Skogbruk og landbruk er hovudnæringa. Av Lag og foreningar kan nemnast: skytterlag, husflidlag og 4H.

Dalen ligg vakkert til mellom høge fjell og heiar. Den flotte naturen byr på godt fiske, fantastiske badeplassar og lange padleturar i elva Gjøv. Eller du kan nyte naturen på sykkel gjennom dalen.

DNT har merka løyper øvst i dalen, i tilegg er det merka løype til Åmlandsnapen (735m.o.h.) med flott utsikt til sjøen og heiane ikring. Gjøvdalsvegen fortset langs Nesvatn til Birtedalen og Fyresdal, og er en fin tur over heia.  Bygda har eigen butikk med kaffekrok og minituristinformasjon samt tipping. Butikken sel og bensin, diesel og gass.

Ved butikken ligg pakkbua som er open frå midten av mai til september. Her kan du få kjøpt enkle varmrettar, kioskvarer og brukskunst. Ein heilt særegen kafe.

Øvst i dalen ligg Vindilhytta med overnatting, heimlaga mat og bevilling for godt drikke til. Dette er eit flott utgangspunkt for fotturar i heiane ikring.

» Du kan lese meir om Gjøvdal her.

Serverdigheter i Gjøvdal

Flatlandsmoen med tufter, gravrøyser og rydningsrøyser frå eit gardsanlegg frå Folkevandringstida(400-600 e.Kr.) eit skjeldent anlegg i landsmålestokk. 

Lønnegrav, ein gamal buplass der det budde folk fram til ca 1850. 

Svårthylkyrkja, naturens eige byggverk ved Gjevden, med bålplass og flåte. Her er også arrangerte turar frå Vindilhytta, og maten tilberedast då på bålet. 



Gjøvdalsdagen.
Gjøvdalsdagen på huasten samlar mykje folk. Her er handelsboder, lotteri, matsal, loppemarked/auksjon og underhaldning. Eigen camping ved lokalet. Dagen avsluttast med dans på Valhall.

 

Korleis kjem du til Gjøvdal?
Fra E-18 tek du vei nr. 415 til åmli, 4km nord for Åmli er avkjøyring til Gjøvdal. Frå Kristiansand folger du telemarksvegen til avkjøyring Gjøvdal.